Ukas UKEfunk

Foto: privat

Denne veka er den nydelige Ingrid Bolstad Ukas UKEfunk! Ho går sitt andre på NTNU og har vervet Trykkdesigner under UKA-21

Publisert:  06.05.2021

Namn: Ingrid Bolstad

Alder: 20

Studium: Industriell kjemi og bioteknologi

Stilling UKA-21: Trykkdesignar i Grafikken

Tidlegare verv: Ingen, dette blir debut-året

Korleis bidrar du og gjengen din til å skape UKEhistorie?

Vi i trykkdesign er både ein av dei mest synlege og mest usynlege gruppene under UKA. Det er vi som har ansvar for å designe dei tinga folk flest tek for gitt, som menyar, plakatar og billettar. Det er slike ting ein ikkje tenkjer over at nokon har designa, men som finnes overalt under UKA.

Men sjølv om folk ikkje tenkjer over det er det likevel moro å vere med! Mykje av det vi lagar blir jo samleobjekt for UKEfunker og besøkande. Det er veldig kult å tenkje på at noko vi har designa heng på veggane til kollektiv rundt omkring i Trondheim.

Kva gleder du deg til med UKA?

Eg gleder meg til festivalfølelsen, til å komme meg ut av huset og at mange kule ting skal skje! Ein må jo vere forsiktig med å ha for høge forventningar no, men eg gleder meg også til å møte folk. Mange folk! Forhåpentlegvis kan det skje.

Kva er draumearrangementet ditt?

Sommaren 2020 skulle eg og nokre venninner på konsert med The HU, eit mongolsk metallband. Det blei jo ikkje noko av, men vi må få dra på konsert med dei ein gong! UKA hadde vore den perfekte plattforma. Hint hint, til dei som arrangerer slikt.

Ein diger trampolinepark haddeogså vore kult. Kanskje ein kunne hatt begge delane samtidig? Då kunne ein ha dratt i trampolineparken først, for så å dra på konsert. Eventuelt kunne ein ha hatt trampolinar i Dødens Dal, men det kunne nok fort blitt kaos.

Tre tips til folk som vil oppleve UKA?

Finn deg ein god venn du kan dele opplevingane med og ha det gøy!

Ikkje nøl! Sei ja til ting med ein gong. Eg gjorde ikkje dette i 2019 og enda opp med å ikkje dra på nokon arrangement.

Ta med deg UKEplakatar og andre kule trykkdesigner-stæsj. Heng det opp på veggen din, hold det kjært, vis barnebarna dine det.

Kva er de beste skillsa dine?

Eg dansar veldig mykje og finn på nye moves til kvar fest! Kvaliteten på movesa er derimot varierande. Eg er også flink til å teikne. Det har eg ikkje fått gjort så mykje i det siste, så det blir bra å kunne gjere det i UKEvervet. Elles er eg veldig flink til improvisert matlaging. Oppskriftene er berre eit forslag. Men akkurat det gjeld tilnærminga mi til livet generelt.

Om du kunne valt din eigen stillingstittel i UKA, kva ville du ha valt?

Akkurat no har eg jo tittelen trykkdesignar, men eg ville gjerne hatt noko lenger, som ikkje sa noko om kva vi faktisk gjer. For eksempel kunne det ha vore “form- og farge-influencer”. Eller kanskje “assisterande form-, farge- og papir-influencer ansvarleg”. Eg trur eg går for den siste.

Andre nyheter

Vi vil gjerne lagre informasjon om hvordan du bruker nettsiden vår.
Les mer